13. oktober byrja skisesongen 12/13 på nysnø for toppturgutane sin representant i det kvite. Turen gjekk til Alnestinden med utgangspunkt i Trollstigen, og eg var ikkje den einaste med abstinensar etter å teste dei nye kvitevarene. Vegskuldra var fullparkert og ein fekk nesten påskekjensle på toppen, med godt selskap, sol og kvikklunsj.
Skiføret innfridde dei øvste 500, i dei nederste 400 var melisen meir sparsommelig strødd. Kan trøste alle snøhungrige der ute med at suget etter å ha planker på føtene ikkje blir noko mindre av å ha prøvd årgangen 12/13…