To karar, eit mål
Den eine heitte Odd
den andre heitte Aall
Tidleg morgon
regnet plaska
kanskje dei heller skulle vaska?
For 3A såg ikkje ut
men det freista ikkje å finne fram klut
Oppdagingar i vente
opplevingar å hente
Bilen vart starta med håp om kvitt gull
men føret var glatt
og temperaturen var null
Passerte Orkdal utan fjell i synet
gutta var lei og trøtte i tryne
Men so bak ein sving
dei såg ingenting
På 300 meter var regn vorten snø
ute av byen
ute av kø
Dei skimta i snødrevet eit skikkeleg heng
no sakna dei ikkje lenger si seng
Feller, stavar, briller og ski
nedover bakken
dei hadde god gli´
Eit volleyballnett åleine i snøen
Odd meinte dei var på tynn is
Ørjan på bøen
Odd ville leika med livet
Han sette ut mellom sivet
Han skvatt fort til då han høyrde eit brak
Kanskje isen var vel svak
Brua dei fann, så Odd hadde rett
det var eit vatn, dei nett hadde sett.
Oppover lia i eit frykteleg vêr
me trur ingen andre har vore her
På toppen var vinden så sterk som en okse
Ørjan måtte ha att smekken på si skibukse
Med smekken atte og nasen vendt ne
fann vi mykje bra ”sne”
Eit sunt måltid hadde Ørjan i vente
han måtte berre chipsposen ut av sekken hente
Den feittsugne sogningen tømte fort posen
så bar det opp lia der vi møtte på mosen
Siste turen ned lokka med dropp og pudder
Me kjende oss nesten som pudderludder
Heime er best, men Trondheim er bra
Hit kan me kanskje tilbake dra