I september hadde me fått nok av skule og stakk til Fontainebleau for å klatre på stein i skogen. Tursjef Eirik hadde fiksa to bilar og eit hus i Saint-Martin-en-Bière der me skulle tilbringe dei neste 10 nettene. Etter å ha krangla litt med Europcar på flyplassen fekk me stappa bagasjen i bilane og plotta inn GPS’en på buldreland.
Dei neste dagane blei brukt til å besøke nokre av mange buldrefelta ein finn rundt Fontainebleau. Canche aux Merciers, 95,2, Bois Rond, 91,1, Rocher aux Sabots, Cul de Chien, Franchard Cuisinière og Franchard Isatis blei avlagt eit besøk.

Første dagen blei brukt på Canche aux Merciers. Audun bomma litt på catchen. Ørjan med god spot i bakgrunnen.

Eirik klaskar seg opp kanten på ein superfin 6C på Franchard Cuisinière.
Etter kvart blei det lite hud att på fingertuppane, og ein trengte dermed eit par kviledagar. Første kviledag blei brukt i Paris. Der blei tida brukt på å kjøpe klatreutstyr, sjå på Eiffeltårnet og å drikke kaffi på kafe. Den andre kviledagen reiste me til Slottet i Fontainebleau og besøkte dei store karpene i dammen der.

Første kviledag reiste me til Paris. Me hadde ikkje peiling på kva me skulle gjere der.

Odd nyt ein ekte fransk croissant og ein kopp kaffe.
Ellers gjekk dagane i å gå seg vill på Carrefour, dirigere Vegard når han skulle parkere, få fartsbot, ete altfor mykje god mat og drikke altfor mykje god vin. Altså ein fantastisk tur med ein herlig gjeng!

Fin på vin. Bjelkebuldring.
- «fontfjes» 1
- Audun går «Jet Set» på Rocher aux Sabots.
- Eirik viser fram ryggtavla.
- «Fontfjes» 2
- Eirik gjekk og «Jet Set».
- «fontfjes» 3
- Vegard går «Smash» på Rocher aux Sabots.
- BadAssMFKathy
- Første kviledag reiste me til Paris, men hadde ikkje peiling på kva me skulle gjere der.
- Bollefjes.
- Så var det tomt for vin igjen.
- Pokerfjes.
- Bjelken var kul å klatre på.
- Odd går ein 5c på 95,2.
- Eller…
- Nei.
- Ørjan går » L’angle Facial» på Franchard Isatis.
- Kathy fant ein sprekk.
- Eirik klaska seg opp kanten på ein superfin 6C på Franchard Cuisinière.
- «Beatle juice» på Franchard Cuisinière.
- Irmeline prøver ein fin 6a på Cuisiniere.
- Svakongen flyr ein 6b på Cuisiniere.
- Ingeborg på 91,1.
- Audun går «Le Toit du Cul de Chien»
- Man må blø litt for sporten.
- Bomma litt på catchen. Ørjan spottar.
- «Fontfjes» 4
- Tafsa litt på «rainbow rocket». Blei mykje tafsing og lite sending.