I Trondheim sette 3 trøtte, og ein ikkje fullt så trøtt, type seg i bilen. Målet var Innerdalen – alpine toppar, kvitkledde tinderekkjer så langt auga kunne sjå. Det lova iallefall Eirik og ØrjanG som hadde vore der før. For flaut nok hadde korkje Odd eller Ørjan vore i Innerdalen før, etter eit heilt år i trønderhovudstaden… Da klokka bikka 6 dundra vi inn på parkeringsplassen, kasta oss ut av bilen, slengte sekkane på ryggen og marsjerte inn mot Giklingdalen. Vi slo opp teltet i vinden og hoppa i påsan.

55 liter skal vere nok
Morgonen etter fekk vi stappa havregrauten inn i fjeset og føtene ned i skoa, og sikta hovudlykta inn mot skaret mellom Innerdalstårnet og Tårnfjell. I skaret fann vi fram tau og sikringsutstyr og tok til å gå løpande opp mot Tårnfjell.

Tidleg morgon opp mot Tårnfjell
Vel oppe tok vi ståande buffé i ly bak varden, før ferda gjekk viare mot Tåga/Såtbakkollen. (Båe namn er brukt på kart, på nye kart heiter fjellet Tåga.) Ein kort rappel seinare stod vi på det lågaste punktet på ryggen og lurte på kva rute vi skulle velge. Vinden hadde nemleg tatt med seg litt shogg og dårleg sikt. Valet falt på snøfonna øst for eggen, på den måten skippa vi hammaren med «crux-taulengda»(?). Ei god avgjersle slik vêret var.

På ryggen opp mot Tåga
Da vi kom opp på eggen igjen betra vêret seg! Siste biten opp nordvesteggen bydde på morosam klyving, det same gjorde returen ned i dalen, da vi la ruta litt langt nord.
Søndagen var veldig vindfull, (vêret altså…) men turen gjekk opp til skaret ved Innerdalstårnet igjen. Her opp var det så friskt at vi la ruta om normalvegen, den var iallefall delvis i ly. Høg joika-faktor og god stemning med kaffe mellom vindkasta på toppen! Turen ned gjekk greit og i teltet vart vi møtt med nedpakka soveposar og liggeunderlag. Det var berre å lage middag og tusle ned att.

Tåga, 1840 moh
- Rema på Oppdal spanderte kake!
- men maten vi lagde var like god…
- 55 liter SKAL vere nok
- Tidleg morgon opp mot Tårnfjell
- Innerdalstårnet
- Tåga, 1840 moh
- Rappell? Ja!
- Den som intet våger…
- Styrketest av bjelke
- Følg rygg vær trygg
- Sjokkispause
- På ryggen opp mot Tåga, 1840 moh
- Movember
- Retur – nedtur…
- Påsan i påsan
- Storvatnet med Store Trolla, 1850 moh
- UFO med øks
- Innerdalstårnet med Tårnfjell bak