Kva ein har med seg og på seg på tur kan avgjera om turen vert fin eller fiasko. Det finst ingen fasit på kva ein skal på seg og i sekken, men her kjem ei lita oversikt over kva Toppturgutane har.

Innholdet i en standard topptursekk. Bilde av Nadia Buer Haugen
På kroppen:
Når ein kler seg for vinterfjellet er det lurt å kle seg med fleire lag. Dette gjer det enklare å regulere varmen ved å bytte ut plagg. Kva ein har på seg er veldig individuelt, men ein grei hovudregel er ull inntil kroppen. Utanpå kan ein ha eitt eller fleire lag med vatn-avstøytande, isolerande eller vindtette lag. Nokre meiner Gore tex er best, mens andre nyttar berre softshell eller bomull. Det viktigaste er å eksperimentera litt og finne din ideelle kombinasjon ut frå dine behov og været. Her er kva vi har på oss på tur:
– Undertøy – boxer, (BH), skisokkar, longs (finst i ¾ lengde) og overdel,
- Ull – varmt, frys ikkje sjølv om du vert våt, bra til lange turar fordi det ikkje luktar like mykje. Ull er tingen!
– Mellomlag – hovudsakleg ved pausar
- Ull
- Fleece – god isolasjon, lite isolasjon når vått, men tørkar fortare enn ull
- Dun – veldig god isolasjon, lett å komprimera, minimal isolasjon når vått
- Primaloft e.l. – god isolasjon, lett å komprimera, betre isolasjon når vått
– Ytterlag
- Goretex – held vatn og vind ute, men pustar heller ikkje godt
- Bomull – pustar godt, men blir fort kaldt når det vert vått
- Softshell – pustar godt, men ikkje like vass- og vindtett
– På hovudet og hender
- Lue
- Buff, hals eller balaclava – evt i ull
- Hanskar, ullvottar og vindvottar – veldig individuelt, men lurt å ha nokre varme og tørre vottar til nødstilfelle. Hanskar er greitt å gå i sidan det er lettare om ein skal opne lommer og liknande.
– Sendar/mottakar – skredsøkar
- Skal alltid vera eit lag (eller meir) innanfor yttarste plagget, evt i innsydd, lukka lomme
Skredsøkaren skal vera slått på send under heile turen. Mange som vert teke av skred vert teke under turen opp. Det er særs viktig å velje gode spor på vegen opp. ”Skredfare” av Markus Landrø eller ”Den lille snøskredboka” av Kjetil Brattlien, er relevant litteratur ved bratt ferdsel i fjellet.
Ta alltid ekstra godt vare på ekstremitetane (les: armar og bein). Dersom du veit at du lett frys på føtene eller hendene så kle deg ekstra godt. Frostskadar er ikkje kjekt!
I sekken:
Kva ein legg i sekken er det ikkje alle som bryr seg så mykje med, men det kan verta forskjellen på ein fin og ein forferdeleg tur. Det er viktig å tenkje at det ein pakkar ikkje berre det som skal brukast dersom turen går som planlagt, men også det ein treng om noko skulle skjære seg. Igjen vert innhaldet vurdert ut frå lengde på tur og kva vêr det er, men her er ei liste over kva ein normalt sett bør ha i sekken:
– Skredutstyr
- Spade og søkestang – viktig å ikkje berre ha utstyret, men også å vita korleis ein brukar det. Vi anbefalar skredkurs!
– Mat og drikke
- Rikeleg med niste (du treng meir energi på tur når det er kaldt)
- Litt søtt for rask energi
- Nødproviant – dersom du må vera i fjellet lenger enn planlagt
- Drikke – uansett om ein har saft eller vatn må ein ha ein god del fordi ein sveittar ofte mykje på tur. Vi har ofte med 1 til 2 liter. Ein kan bruke et drikkesystem men dette kan fryse. Varm drikke er sjølvsagt på turar i kaldt ver, og det er ei sikkerheit dersom noko uventa skjer.
– Hjelm og skibriller, solbriller
– Ekstra klede
- Tørr ullskjorte – bør pakkast vatntett
- Ullvottar og vindvottar
- Ekstra sokkar
- Varmeplagg, tjukk ullgenser, fleece eller dunjakke.
– Sitteunderlag
– Fyrstehjelpsutstyr: tynnt, sterkt tau (til eventuell slede), enkeltmannspakke, smertestillande, gnagsårplaster, kompresjon, sportstape, strips (stålkantsår) hovelykt,
– Mobiltelefon
– Kart og kompass
Sekken:
For å få plass til alt ein treng på ein skikkeleg topptur er det ofte for lite med ein 30l sekk som mange har. Då har du plass til det du uansett kjem til å bruke på turen, men ofte ikkje det ein får bruk for dersom det skjer noko uventa. Vi brukar derfor ofte sekkar på ca. 40 liter for å vera sikker på at ein har plass til det ein treng. Ein stor sekk veg ofte ikkje mange gram meir og er berre å snøra saman om du har mykje plass til overs. Dersom sekken har lyst stoff inni er det lettare å finne ting i sekken. Ekstra lomme til skredutstyr er kjekt. Opning i ryggen, samt hjelmfeste kan også gjera pakking lettare.
Her er en liten videosnutt som viser typisk bekledning for toppturer på ski:
Kom gjerne med dine eigne tips og triks i kommentarfeltet.