Lofoten er smekkfull av renner, når ein køyrer rundt omkring ser ein nye spanande renneformasjonar heile tida. Håkon, som gjekk på LFHS i fjor og er stipendiat i år hadde spotta ei fin renne på Vestvågøy, som vi måtte sjekke ut.

Stippelinja
Vi labba oppover i lyngen, ved sidan av rastunga som gjekk nedover lia. Etterkvart kom vi opp i renna og fann ut at shoggen var type slush og alt var på G. Da vi kom til toppen byrja det i god Lofotenstil å hagle og sikta vart litt verre. Vi venta i 20 min på bedre vêr, men det kom ikkje. Turen ned var nydelig, med bratt køyring i god vårslush. Renna ned fra Limstrandtinden vart døypt Stippelinja. Super start på Lofoten-turen!
- Stippelinja
Etter middag køyrte Bendik, Ørjan og Odd André ut mot Kalle, for å køyre fjorårets freeride face. Det var ein dårleg call, sidan det hadde frose på eit tynt lag på toppen av den råtne shoggen. Vi kom oss både opp og ned, men det gav ikkje så mykje glede som dagens første tur.

Mykje lyng
Laurdagskveldar er ein forplikta til å besøke Prestengbrygga, noko som vart gjort ettertrykkeleg. Dette bidrog i sin tur til ein sein start på søndag, utan store mål, men vi håpa på ei renne. Det fekk vi, men den var litt alternativ med mykje lyng og lite shogg. Renna var grei og hadde overaskande bra føre i toppen. Alt i alt, ein grei dagen derpå-tur. Dagens verkelege høgdepunkt kom om kvelden; BADSTUGU!
- Mykje lyng