Pudder, ein kvar skikøyrars draum. Denne myteomspunne fjørlette massen, som ein stor sett berre ser på framsida av Fri Flyt. Om du snakkar om skiturar fortel du ikkje om den dagen du krusa gjennomslagsskaren, eller navigerte i tåka. Du fortel om pudderdagen. PTP ( Pudder Til Pungen), Snorkelføre, U-båt-føre, Japan-POW, kjært barn har mange namn.
Av og til er det ikkje berre dei bortskjemde skibumsane, som vert flydd opp på kvar einaste fjelltopp, som treff på godsnøen. Av og til får også vi dødelege ein liten smak av himmelen.

Den legendariske Toggaskogen. Har no også fått si eiga ski – Togga!

Baris-Tore

Barske-Eirik på tur igjen

Ingen kommentar….

«The force is strong in this one»

Turglede
Etter å ha lidd oss gjennom 6 timar som fotografar på frikøyringskonkurransen dagen før var det vår tur. Ruta vart lagt til baksida av Toggao. Etter to timar med barisføre og blåmeis sette vi utfor baksida av Toggao, ned mot Frudalen.
Snøen var ikkje av typen PTP, men likevel fantastisk å køyra i. Du kunne dra på så mykje du berre ville! Skia og du var eitt. Me skreik som småjenter på ein Justin Bieber-konsert.

Eiriks jomfruhopp/dropp
Når me kom ned trefte me ein av dei meir rutinerte karane frå dalen. Han berre smilte og sa” Bra tur?”