LEIRDALEN – PÅSKE DEL 2
Etter mange (les: 1) late dagar i Leikanger, var Toppturgutane sine gnagsår klare for fleire dagar i sveitte skistøvlar. Planen var spikra og teipa saman i Trondheim av personar med tur-abstinensar, alle solskinsdagar skulle nyttast. Bilane vart fullstappa og kompasskursen sett mot Leirdalen i Jotunheimen. I Lom hadde vi den godt planlagde provianteringa, vi tok med mat nok til nok dagar i fjellet… Seint om kvelden var siste teltplugg festa, og eit fantastisk måneskin openbarte seg over fjelldalen!
Målet dagen etter var det fyrste fjellet vi fekk auga på utanfor telta – Storebjørn! Turen opp gjekk radig og rett før toppen møtte vi folk som kom frå Krossbu. Nedkøyringa var så som så, på fyrste flata festa vi fellene på igjen og tok turen opp på Soksa. Vi gjekk over heile toppen, frå aust mot vest. Vi måtte fram med tauet så det tok noko tid for 5 stykkjer å kome seg opp, men på toppen venta ein fantastisk solnedgang!
Stetinden vart bestige dagen etterpå, her fekk vi den beste nedkøyringa med 10 cm lausshogg under solane! Nok ein skyfri dag med gode pauser i sola.
Vi var litt usikre på kvar vi hadde lyst til å gå på laurdagen, for dette vart siste tur for jentene. Vi tok till oppover den næraste bakken – mot Midtre Tverrbottindan. På toppen fekk vi i oss tæla appelsinar og sjokkis. Vidare gjekk vegen ned i skaret mot Søre Tverrbottind, ikkje godt skiføre men to av oss valgte skia likevel. Båe var enige om at det var den beste isskaren vi hadde køyrd. Jente køyrde ned i lesida mot Tverrbotn og fekk fin shogg. Karane fortsette ryggen mot Tverrbytthornet ,og kom seg opp etter nokre omvegar. Vi fekk ei bratt, hard og fin nedkøyring mot Troget – morosamt! På Leirvassbu møtte vi jentene igjen.
Reisedag og kviledag. Jentene fekk pakka sekkane og sette i veg saman med Ørjan mot parkeringa. Da Ørjan kom opp att vart vi lei av å kvile. Vi hadde sett ei renne på turen dagen før og ville freiste lukka. Vi håpa på eit eventyr, men etter 100 meter med stegjern fekk vi nok av gjennomslagsskare. Vi fekk bekrefta at bail var best etter vi fekk på oss skia – føret var forferdeleg å køyre i.
Visbretind og Semelholstind stor for tur dagen etter. Opp på Visbretind tok vi ei alternativ rute opp ei bratt snørenne med eit lite klatreopptak ved toppen. Det vart forsert pga latskap, ingen orka gå rundt. På toppen tok vi den tradisjonelle Jotunheimenpausa – kransekakemasse, sjokkis og slækking i timesvis. Off summit skikøyring i steinurda ned mot breen, morsomt men skarete. Semelholstind vart innkassert på heimvegen. På Leirvassbu tok vi oss ei velfortjent pils, og feira superpåska hittil! Dagen etter vart leir pakka og Audien leda oss til Lesja og fleire fjell.
- Kyrkja i profil
- Østryggen på Sokse
- Stand på Østryggen
- Stetind i bakgrunn, sending foran
- Ein blir tussete av varmen på Leirvassbu
- På Visbrean
- Retning Storebjørn, Sokse og Store Smørstabbtind
- Eirik og Storebjørn
- For langt? NEI!