Etter ein sålangt særs dårleg vinter snømessig i Lofoten, fann Odd André og Ørjan A. ut at vi måtte ty til andre verkemiddel enn pudderdansen for å få skikøyring. Vi skal til Canada 7. februar, difor ville vi få testa utstyr og ferdigheiter før turen tek til. Sjølv om vi har trena ein del inne og fått nokre toppturar i Lofoten, fann vi ut at ei intensiv skiveke i Sogndal var på sin plass. Sidan snømengdene er på veldig store og Ørjan A. kjem frå omegn, bestillte vi flybillettar.
Vi landa på Haukaasen Airport mandag, og var på plass i Heggemyrane med ski på føtene og eigen guide tysdag. Guiden var Ørjan A. sin kamerat. Sjølv om det er ei stund sidan forrige dump, fann vi noko urørt snø i skogen. Etter nokre turar kjende vi at føtene hadde godt av å bli brukt.
Onsdag fann vi ut at fellene måtte brukast, då gjekk turen til Sogndalsdalen, nærare bestemd Svartholten. Sidan det har vore ein del vind i det siste og det er hardpakka i snaufjellet, gjekk vi berre opp lia. Til gjengjeld fann vi tørr laussnø, noko som er eksotisk for oss som har vore i Lofoten til nå i vinter. Vi gjekk opp to turar, og hadde ein fantastisk dag i kaldt klarvêr og sol. Det var tydeleg at Sogndalsdalen er eit populært turmål, vi såg 12 personar som gjekk til Togga.
Torsdag var det gråvêr med snø i lufta, vi valde å gå ein tur utan å køyre bil nokon stad. Vi gjekk til Fagreggi, og køyrde ned i Skuledalen. I fjellet var det flatt lys og litt skavlete, i tillegg hadde vi med ein ekstra turkamerat; pelskledde Ask. I skogen fann vi atter ein gong fin snø, no med eit ferskt påfyll på ca. 10 cm på toppen.
Vi skal vera i Sogndalsområdet til søndag kveld, så vi håpar på fortsatt fine dagar. Treninga er kjærkommen for å greie 10 dagar heiskøyring i British Columbia.