To karar sette i gong ein relativt vakker vårdag i frå Leikanger mot Jostedalen. Her skulle fjellet Hest bestigast. Lite viste gutane då om korleis denne dagen kom til å få store konsekvensar for dei neste vekene.
Ved parkeringa såg det ikkje veldig lovande ut. Sola og toppen av Hest var begge gøymd bak store mengder grått skydekke. Gutane sette til tross for dårlege utsikter i gong med freidig mot – ”Det er berre i motbakke det går oppover!”. Etter ein god del trasking oppover skaren kom både godsnøen og andre turgåarar til syne. Dette var tydlegvis Jostedalens store turdag for på vegen rusla dei forbi både 5 og 6 andre. Desse hadde også tenkt seg opp mot den tilslørte Hest.
På den omtrent nesten to timar lange trasken opp til ryggen som skulle føra gutane til målet vart mange viktige tema diskutert. Dei kom for eksempel fram til at det hadde gjort seg med nokre fleire slike toppturar saman. Desse skulle den neste veka gjennomførast i Lofoten. Men eit viktigare emne var nedkøyringa. Problematikken ved ein mogleg nedkomst på manen av Hest var lenge usikker, men med hjelp frå lokalbefolkninga og litt personleg tankekraft kom dei to spreke herremenn fram til at turen ned manen skulle sparast til eit seinare høve. Dette grunna tvilsom sikt og eit og anna skred i traseen.
Etter ein koseleg nistepause med utsikt over Veitastrond og innbyrdes bytte av nistepakkar, grunna litt for mange skiver med det heller lite spennande pålegget Nugatti, sette Systreningane skia i retning toppen. Etter litt strabasisøs trasking opp ein heller forblåst bakke med underlag av type is kom gutane i snakk med nokre av turgåarane som dei tidlegare hadde passert, men som seinare hadde teke dei igjen grunna litt lang nistepause. Dei hadde fått streng beskjed om å snu nasen heimøver fordi ”han mannen der framme som kan sånt seier det ikkje er trygt å gå vidare”. Dette ryktet måtte dei to unge mennene finne meir ut av. Dei sette fart mot mannen og kom snart i snakk med han. Det viste seg å vera ein x-breførar med ein viss kunnskap om sikker ferdsel i den norske fjellheimen. Han meinte det at det var for dårleg sikt til å komma seg trygt til toppen og tilbake att. Som dei to svake sjelene dei var bestemde gutane seg for å følgje den vise mannens råd og tok av fellene.
Når omsider begge karane hadde somla seg klare til å køyra ned kom sola! Eller iallfall eit lite gløtt som seiv gjennom den heller grove grauten av ei sky som sveva over dei. Av rein latskap vart det beslutta at sidan det er godt lys no køyrer vi ned no. Denne besluttninga var truleg dagens beste. Det resulterte i ei fantastisk tur ned kanten på ryggen til knes i godsnø. Denne snøen var faktisk så god at pudderhundane ville gå opp ein gong til! Dei labba i veg med ski i neven, eller festa ved hjelp av staven i selane på buksa. Den første teknikken er gammal, sikker, men heller tung. Den andre meir nytenkjande og mindre slitsam. Dessverre også relativt utrygg. Etter å ha krabba omtrent halve bakken slit den eine selen seg. Dette resulterte i ei ski på feil veg. Heldigvis med ein stav på slep. Den uheldige guten med berre ei ski sette seg på si siste ski og sigla ”på røvi itte”.
Heldigvis stoppa skia ein god bit lenger nede og det flotte paret med Megawatt-ski fekk nok ein gong køyra side om side.
Etter mykje vakkert pararbeid frå pudderplankane gjennom pudder og skare fekk dei samarbeidsproblem. Den høgre skia ville ikkje køyra saman med sin make og skar rett ut til sida. Eigar, og for augneblinken parterapeut, jobba hardt og intenst i ein kortare tidsperiode med å prøva å føra det tidlegare uskiljelege paret saman. Dette lukkast han ikkje med og alle tre fann seg sjølv seglande på skaren mot ein liten uskuldig stein. Etter kvart viste det seg at denne steinen var endå mindre uskuldig enn først antatt. Han var nemleg omgitt av ei ein meter djup vollgrav. Dette såg verken skia, som no hadde funne saman, eller eigaren og alle tre datt ned i grava og det vart headbanging på Hard Rock!
Grunna skikkeleg sikkerheitsutstyr i form av hjelm vart resultatet berre ein god latter, etterfullt av litt alvorlege ord frå forbisiglande og ein lettare rysta eigar av kranglande ski.
Det raraste på denne turen var likevel synet som møtte oss når me ankom parkeringsplassen. Ein skulle trudd at vår kjære parterapeut og ulykkesfugl hadde fått fleire kakk allereie før turen, for bilen stod med døra open og nøklane i tenninga. Forklaringa skal ha vore at ein kvar som ser bilen med dør open og nøkkel i tenning vil tenkja at eigaren er like ved – og derfor ikkje stela bil eller innhald.
Dagens plagg – Raske solbriller
Fantastisk verktøy for å forhindre snøbindheit og andre synsforstyrringar. Dessutan ser du fantastisk kul ut, uansett kva du elles har på deg.
Toppturkameratane Sondre og Ørjan A