Av og til rekk ein ikkje alt ein har planlagt. I mitt tilfelle måtte eg rekke ein buss og fekk derfor ikkje laga meg middag. Turen gjekk til Veitastrond, men heldigvis fekk eg tid til litt handling på vegen. Via telefon hadde eg tidlegare mast meg til at det vart teke med ein primus og nokre gryter. Me ville eigentleg bruka mest mogleg tid på buldring og derfor måtte handling og matlaging skje fort. Det vart derfor berre handla inn 2 boksar tomatbønner, ein 3-pakk med bacon og eit glas hermetiserte kvitlauk (og ein pils). Etter ei omvising i Snauedalen, samt litt sva-buldring var både eg og Vegard svoltne.
Framgangsmåten er ikkje krevjande. Steik bacon på panne med olje frå dei hermetiserte kvitlaukane. Etter kvart kan du også hive på mange kvitlaukar, enten i fedd, eller oppdelt. Når svineflesket har fått perfekt konsistens er det berre å hive alt oppi ei gryte, tilsetja resten av kvitlauken med olje, og rør inn tomatbønnene. Dette kan stå i kanskje 5 min. Det kan vera ein fordel å røra litt i botn. For å gjera kokkeleringa optimal er det anbefalt 1 boks fatøl og store mengder kvitlauksfedd.
Serveringstips:
Me hadde ikkje med oss noko å eta med. Heldigvis hadde Vegard pakka nokre polarbrød til niste. Desse vart nytta som kombinert tilbehør og tallerk.
Porsjonering:
Kor mykje kvar enkelt et heime er ikkje alltid like lett. Kor mykje folk et på tur er hakket vanskelegare. Derfor tek eg utganspunkt i meg sjølv og mengda mat passar då til folk med god appetitt. Likevel vart denne middagen litt for mykje for berre to personar. Denne mengda passar kanskje betre:
1 boks tomatbønner
100 g bacon
¼ glas kvitlauksfedd i gryta og ¼ til deg sjølv som forrett.
Vanskegrad:
Rasmus – dersom du svir havregrauten, men serverer han delvis kald med store klumpar, klarar du framleis lage denne retten.
Kokken Aall