I heile fjor hadde Odd sikla på Higravtind, som er ein tur som krev trygge forhold. No var tida komen for å bestiga Lofotens høgaste fjell. Mannskapet bestod av turleiar Odd André, den canadiske pudderkongen Bendik (http://paaskiicanada.blogg.no/) og Ørjan på slep som fotograf.
Med ein gong me skimta fjellet i det fjerne, vart linjevalg heftig diskutert. Linjas nedre del gjekk i eit elvefar som hadde akumulert ein del is i løpet av vinteren. På grunnlag av erfaringar frå dei foregåande dagane, fann me ut at lyngen var eit godt alternativ på veg opp. Nedover, deriomot, var framleis snø å foretrekke . Og me såg at ein kunne halda seg på det kvite elementet nesten samanhengjande heile vegen ned.
Den gode stemninga fekk ein liten knekk etter berre hundre høgdemeter gjennom tungt kratt. Eine spenna på Odd sin randostøvel poppa. Heldigvis ordnar ein handy-man som Odd slikt på berre 10 minutt… Som han seier sjølv: ”Alt går med vold og vaselin” . Stemninga vart endå betre då den garva pudderhunden Bendik, som nett hadde fullført ein 4 månads sesong i dei Canadiske skogar, konstaterte at soltina skare kom til å gi ei god nedkøyring. Ekte soul skier!
Oppi sida, etter ein del klyving, var det klart for å ta på stegjern. Under den lille pausa, såg Bendik sitt snitt å ta ein ”fri baijs”. I denne samanhengen vil me åtvara om stor ”skredfare” i over 30 grader. Heile episoda vart fanga på tape, og det er fare for ein leak til internett. Gled deg ; – )
Utrusta med stegjern og isøks tok me fatt på dei siste parhundre høgdemeterane. Snøen vart betre, dess fleire høgdemeter me tilbakela. Samstundes observerte me at det vart brattare og brattare.
Turen enda opp i utsikt over heile Lofoten og deretter litt off summit skiing. (NB: Vi nådde ikkje hovudtoppen, da vi ikkje hadde med tau. For å nå hovudtoppen som er eit par meter høgare enn fortoppen lyt ein kryssa eit skikkeleg øksehogg av ei kløft.) Flotte svingar og praktfulle dropp er å rekna med når talentfulle X-LFHSarar (tildegare elevar ved Lofoten Folkehøgskole) er på tur. På vår nedfart fekk skia våre både smaka god og dårleg snø. Det botna seg på botn då Odd sine ski fekk ein stor stein i kjeften. Turen vart avslutta med simultan jublel hjå oss og ein forbipasserande bil. Dei tuta og synte tommel opp : – )
Neste dag gjekk turen til nabotoppen, Geitgallien. Av og til er det ikkje snøen, vêret, eller nedkøyringa som er det viktige, men heller dei du går turen saman med. Me var ein god gjeng X-LFHSarar som starta turen opp Lilandsdalen. Bendik, Oskar, Eirik, Aleks, Odd og Ørjan.
Til tross for eit til tider tungt vær var stemninga god som gull. Minner vart delt, skit vart snakka og planar lagt. Me snudde i skaret før toppen og føret i nedre delar av nedkøyringa var tungt og sugande, men likevel er denne turen ein av dei trivelegaste i år!
The Geitgallien crew!
Higravtinden
Geitgallien