Turen hadde vore på dagsordenen fleire gongar, men vorte henlagt. Denne helga var det opprinneleg Flatanger som var planen, men grundig vurdering av yr.no kvelden før førte til endringar i planane.
Vi reiste innover fredagskvelden – i mørket. Under den spennande(les: ikkje plass til sykklar i bilen) gåturen innover skytefeltet møtte vi på 3 innfødde som trava frå oss i bekmørket. Da fann eg fram hovudlykta.
Morgonen etter gjekk vi for ein sein alpinstart, vi kom oss i det minste opp før sola. Soloppgangen over Shohetta og Svånåtind var fantastisk! Opp mot Stortoppen var det noko shogg, og eg vart pesimistisk, frykta eg hadde på førehand om for mykje is og shogg til å gå traversen sommarskodd såg til å stemme. Men da vi kom opp var det ikkje så ille. Vindstille og varmt på 2286 moh – det var berre heilt supert!
På Midttoppen batt vi oss inn, vi ville ikkje risikere noko ned mot skaret ved Hettpiggen.
Det var tross alt snødekte steinar, men heldigvis lite is. Vi gjekk i eit 2-manns og eit 3-manns taulag, Eirik leda i 2-mannslaget og fann den rette linja opp mot Hettpiggen. Rapell ned att i neste skar. På vegen mot Vesttoppen gjekk tempoet noko ned, og sola kom inn i veggen. Heldigvis var det ikkje nok is og ikkje bratt nok til at vi fekk isras slik som vi hadde hørt inni Gryta tidlegare på dagen. Oppe på Vesttoppen åt vi opp siste maten – utan ullgenser og hanskar. Skikkelig indian-summer i høgfjellet!
Søndagen var det slakk morning – sov lenge og nytte havregrauten. Før returen til Hjerkinn gjekk via den mest kronglete ruta for at lengselen etter sykkel ikkje skulle bli for stor og for å få sett flest mogleg moskusar Men det er desidert mest spennande å høyre dei springe frå/mot deg i bekmørket!
Takk for turen!
- Larstind og Langvasstind
- Morning
- Hettpiggen
- Sliten allerede?
- Køklatring hele dagen
- Bleik i blankt vær
- Guiden
- The sun greets the majestic mountain of Snoehetta
- Stein i rassen
- MØSKØS og moskus
- Møkkakamera lager fancy effekt
- Audun claima med smekke
- Sending på Vesttoppen
- Skeivt bilde, enda en fancy effekt
- Belgier og moskus
- Moskus
- MØSKØS
- Audun leda også