Vi, dvs: Odd A., Eirik, Torkil og Torkil sine to vener, byrja å køyre mot Riksgränsen kl 0600 i eit uimotståeleg vakkert vêr. Bilen var fullstappa, fullstendig fullstappa. Vi kom til Riksen like etter dei hadde opna, fekk på oss skiutstyret, kjøpte heiskort og var i gang med å shredde grensepow kl 10. Det var ca 20 cm fjørlett pudder som venta på oss. Da heisen stengte slengte vi skia på ryggen og gjekk opp på Nordalsfjell, der vart vi møtt av spetsiga norske fjell i vest og litt meir avrunda høer og vidder i aust. Om kvelden kom Rik frå skulen med tog. Deretter sette vi opp tre telt og stelte i stand eit kongemåltid av torsk som Erik, Torkil og kompisane hadde fiska. Om natta var det -12 grader og det kom 10 cm snø, som saman med blå himmel la ei perfekt grunnlag for neste dag! Torkil og dei to kameratane tok toget heim, ved endt dag. Medan eg, Erik og Rik fortærte ein særs god middag – havregraut med seks egg og blåbærsupe på, før vi sette kursen for Bjørkliden for å hente Bendik, vår fjellstøe guide til god skikøyring i Tromsø. I Narvik slapp vi av Rik, som skulle utforske påske-Noreg åleine nokre dagar før foreldra hans kom frå Nederland. Medan legenden frå Narvik, Ole, fekk plass i bilen. Stoka peika vi snuten nordover mot Tromsø.
Alle bilete ved Erik Bergentz