Dei fyrste vekene ved Lofoten FHS stod klatring i fokus. Eg fekk fort smaken på klatring, men eg fann samtidig ut at vekt var essensielt innan denne idretten. Eg vart derfor hengande litt etter. Det var derfor veldig kjekt med ein aktivitet som gjekk ut på å holda seg på bakken mest mogleg. Etter ei veke på Svartisen, der det regna vassrett og vinden var så sterk at du kunne pisse 30 meter, vart eg forelska i breen. Brekurset, leia av Tante Elin og Onkel Roger og med assistanse frå Jørgen Langeland, opna ei ny og spennande verd for meg. Godt og vel eit halvt år seinare hadde eg fått jobb i Jostedalen Breførarlag og var klar for min første arbeidsdag.
Den følgjande månaden har vore fantastisk! Berre det å ha ein jobb ein faktisk har lyst å driva med er ein veldig god motivator. Når attpåtil arbeidskollegane, som truleg er ein eigen rase, er noko av dei koselegaste menneska eg har treft kan eg påstå at eg har noregs beste sumarjobb. Dette i kombinasjon med ein heilt eigen Jostedalsatmosfære, fylt med endå fleire nydelege menneske og flott natur, må berre opplevast.
Så utan noko meir om og men, vil eg takka Jostedalen Breførarlag, Lille Nepal, og resten av Jostedalen for eit herlegt opphald i noregs truleg beste dal!
Her kjem eit par bilete eg har teke på vegen.
Første møte med Nigardsbreen
Frank – kongen av familieruta
Eit heilt taulag med norske turistar, ikkje vanleg!
På slutten av ein veldig roleg tur på familieruta kjem denne mannen springande opp ein relativt bratt bakke. Dette vart dagens høgdepunkt for turistane som kalla han Rambo. Ingen veit endå kven denne mannen er.
Etter 2 veker som breførar(assistent) fekk eg tilbod om å vera med som guide over Jostedalsbreen. Etter fleire timar i tåkehavet fekk me eit glimt av botn på Lodalskåpa.
Dette er synet som møter ein og annan skeptisk turist på veg til Nigardsbreen. Breføraryrket er særs krevjande.
Reidun og Nadia tok seg turen innom Jostedalen på sin Noregsturnè. Det resulterte i ein koseleg blåistur med solnedgong og mykje fin blåis.
Sigrid viste meg ei stilig hole under isen.
Ei anna hole me fann.
Mitt einaste forsøk på å vera kreativ på breen.
Eli speidar ut over Nigardsbreen med Jostedalsbreen i bakgrunnen.
Ein kan sei mykje om folk frå Israel, men å rydda i steggjern kan dei iallfall ikkje! Sebbe, Jyamchang og eg brukte minst 4 minutt ekstra på å rydda opp i rotet deira!
Ingen skal seia at eg og Odd André ikkje har det kjekt når me går på bre!
Men ein kan ikkje berre ha det kjekt på bre….
Litt regn stoppar ikkje Odd André! – Det finst ikke dårlig vær, dersom du har Bergansklær!
Odd André er sjalu på jobben min og prøver derfor å øydeleggje arbeidsplassen min.
Ein utlending som vart glad i Noreg!
Ørjan A – breføraren