DAG 1 – mil etter mil
Etter ca 40 000 sekund i bil, på litt over 40 000 sekund, kom me fram til Erdal. Strekninga T-town – Leikanger – Erdal gjekk relativt greit, berre ispedd litt pizza på Lesja og diverse pissepausar. Me beina inn dalen, i skispora til Grefstad, Belgiaren og Trøndern. Belgiaren hadde me teke med som guide, medan Trøndern berre var med for å laga god stemning. Etter berre 150 meter med gjennomslagsskare på jordet, kom syra og lista var lagt for ein kort tur over fastlandseuropas største isbre.
Frosken (J)anus
Foto: Irmeline de Sadeleer
Middagskos
Foto: Irmeline de Sadeleer
Me kom fram til det vår kjentmann, bærumsguten Eirik, kalla Veltedalsseter. Der hadde tre småfolk varma soveposane i fleire timar.
Bålkos
Dagen vart avslutta med bålbrenning og test av den lokale utedassen (TUSEN TAKK FOR LÅNET! Har lagt att litt dasspapir )
Dag 2 – skadar og faenskap
Mykje motstand gjer ein berre sterkare, vert det sagt. I så fall kom me sterkt ut av denne dagen. Alt starta med at vår kjære gledesspreiar måtte kasta inn handduken og ta den sure turen heim til caza del Aall, grunna dårleg helse. Odd var ”jentlemann” nok til å følgja ho ned til bilen, mens me andre traska retning Josten. Og det vart ikkje mykje meir enn trask, for med varierande førebuingar var ikkje alt utstyr heilt tipp topp. Tips: ha gode feller, som passar og har lim, evt store mengder gaffa og gorillatape, samt 3mm tau og kniv.
På veg opp Ærdalen
Eirik «MacGyver» Nedkvitne
Etter eit par timar trask, berre avbrote av eit snøras, ein bratt isbakke og ein øydelagd sekk, kom me fram til Erdalsbreen.
Erdalsbreen
Her var det på med sele og bissel før me labba vidare opp på breen. Her fekk me for første gong oppleva uendelegheitsbakken. Etter nokre turar i kjellaren kom me endeleg opp på platået.
Eirik på tur i kjellaren
Grunna store sekkar og møre lår vart camp 2 rydda her, mellom Tverrfjellet og Storenosa. Dette vart feira med sjokolade!
Teltkosen bestod av gnagsår, økologiske kikärter i lake (på brattare og meir klatreinspirerte turar kalla joika) og kyllingbryst.
Gnagsår ❤
Praktisk og lett middag
Dag 3 – frå den djupe sprekk til den luftige topp
Påskemorgen
Ein dag med lite mat, men flotte opplevingar, starta med ei krevjande og bratt nedkøyring. Teknikkar som vart nytta var fellegang, ploging, zikk-zakk og i-køyring (prikk, strek, prikk, strek).
Lodalskåpa
Neste utfordring var det vakre brefallet Småttene, der ikkje fullt så vakre breføraren fall i breen.
Små folk på veg mot Småttene
Eirik (til venstre) har litt tung sekk
Foto: Irmeline de Sadeleer
Som den tyngste i taulaget var det berre eit tidsspørsmål før Ørjan A. fekk testa ein sprekk
Foto: Irmeline de Sadeleer
Vår guide
Framme ved Ståleskar, der me burde hatt ein lang og god matpause, heiv me frå oss sekkane og beina rett mot Lodalskåpa.
TUA from the 80´s
Eirik ledar opp mot toppen av Lodaskåpa
Turen opp på Kåpa innebar mykje god snø og høg puls. Etter eit par luftige høgdemeter vart me belønna med ei fantastisk utsikt over heile breen.
Med hjarte i halsen og spinndrift i tryne, likavel måtte augneblinken forevigast
Iremeline mot toppen!
Utsikt retning Fjærland
Toppturgutane….
Foto: Irmeline de Sadeleer
Kunst
Foto: Irmeline de Sadeleer
Me var alle godt skodd
2000-meterstopp nr. 2
Grunna at me var særs gira, hadde me gløymd å eta heila dagen… dette resulterte i at camp-montering kjendes ut som bygginga av Keops-pyramiden.
Eirik kjempar i solnedgang
Foto: Irmeline de Sadeleer
Dag 4 – langt å gå, utsikt å få
Gjekk me særs langt og laga ein fantastisk utedass, med utsikt over nok ein solnedgang.
Hurrungane i bakgrunnen
«Halla!
«White lips, pale face»
Nesten framme!
Eirik ha noke godt i madrassa si
Dagens marsj. Lodalskåpa i bagrunnen
Foto: Irmeline de Sadeleer
Dag 5 – prikken over j-en
Ploging!
Etter litt trask tok me for første gong ein skikkeleg lunsjpause, inkludert espressokaffi og masse snop! Denne lunsjen gav oss så mykje overskot at me fekk lyst på ein fotoshoot. Resultatet kan du bedømma sjølv:
Klovn
«Fritt vilt 4»
fotoshoot
Foto: Irmeline de Sadeleer
Barskt!
Foto: Irmeline de Sadeleer
«Jostedalsstegg»
Foto: Irmeline de Sadeleer
Nedkøyringa frå Flatbrehytta bar på; bratte bakkar, tung snø, skulder ut at ledd, ein telemarksving, rumpe-aking, mage-aking, tett skog og ein nøgd gjeng som kom fram til bilen.
«Free your heel, ski for real, få skuldra ut av ledd»
Utsikt mot Fjærland og, takk for nye hjemmestrikka luer Elisabeth Nøst!!!! (morra til Eirik) Kjempe gode og kjempekule!
Foto: Irmeline de Sadeleer
«Hmmm…. ser litt bratt ut…»
Grunna litt lite bilete i dette innlegget legg me til ein liten video 🙂